To studieforbund blir eitt

Norsk Kristeleg Studieråd (NKrS) og Frikirkelig Studieforbund (FSF) blir til Kristelig Studieforbund.

Torsdag 19. mai vart fusjonen einstemmig vedteken av årsmøta til NKrS og FSF. Kristelig Studieforbund blir namnet, og oppstart er 1. januar 2012.

– Dette var på høg tid. Det er heilt naturleg at vi no slår oss saman. No har vi fått eit høve på ein ny måte å profilere og støtte det kristne studiearbeidet, seier Ingvar Lyche, dagleg leiar i NKrS.

Nytt interimstyre
På møtet torsdag vart eit nytt interimstyre valt. Leiar av interimstyret vart Jon Andreas Hasle, som var innstilt av begge forbunda. Saman med seg i styret fekk han Tore Byfuglien (Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon), Inger S. Hymer (Kirkens SOS), Audrey Pedersen (Frelsesarmeen), Lillian Løitegaard (Pinsevennenes Studieforbund) og Tom G. Johansen (Metodistkirken). Vararepresentantar vart Roger Dahl (Baptistsamfunnet) og Ann-Helen Aaslund (Normisjon). Hege Iren Fossum blir dagleg leiar i Kristelig Studieforbund, og Ingvar Lyche blir studieleiar. Lillian Løitegaard blir tilsett som studiekonsulent.

Fusjonsavtalen som føreligg no, er forhandla fram av styra i FSF og NKrS, etter innstilling frå prosjektgruppa som vart nedsett av styra i dei to organisasjonane. Det var etter eit felles styre- og personalseminar i 2010 at dei to organisasjonane vart samde om å starte ein fusjonsprosess. Grunnlaget for forslaget til fusjon er tidlegare årsmøtevedtak i både FSF og NKrS og høyringssvara frå medlemsorganisasjonene sist haust.

– Fusjonsplanene vart aktualisert ved at vi ser at kristen-Noreg har vorte meir økumenisk, slik at skiljet mellom NKrS og FSF vart opplevd som kunstig for mange. Vidare meinte styra i dei to organisasjonane at eitt felles studieforbund kan vere ein god reiskap til å fremje det kristne studiearbeidet, som dermed går utover det å fordele statsstøtte, seier Lyche.

– Sats på kvalitet
Lyche meiner det er behov for eit kristeleg studieforbund i norsk kristenliv.
– Eg synest folk har bruk for oss. Først og fremst gjeld det lokal-ledda. For eit lag kan det å få 2000 kroner vere av stor tyding, seier Lyche. Han opplever at folk har vorte flinke til å søkje om stønad til ulike kor, grupper, lag og studie-opplegg.

– Når ein søkjer, er det viktig å leggje vekt på produktet og levere kvalitet. Det gjeld å ikkje berre tenkje pengestøtte, men å tenkje på at det skal vere eit godt produkt. Det er det folk vil ha, seier Lyche. Han legg til at satsane for stønad som NKrS har, vil bli vidareført i Kristelig Studieforbund. Dei er 100 kroner timen for kurs, 90 kroner timen for song og musikk og 80 kroner timen for grupper.

Kristelig Studieforbund får omtrent 54 medlemsorganisasjonar og organiserer cirka 3 500 kurs med nesten 97 000 kurstimar og 34 000 deltakarar.
KPK